Fluffy
Lagt til: Saturday 28. August 2010 - 11:25
  Fluffy er 2 år og ein uvanleg staseleg katt. Han er ufattelig nok fråflytta og etter å ha måtte klare seg sjølv ei stund tok ansvarsfulle folk seg av han og hjelpte han vidare. Han er ein katt med lang flott pels som må stellast. Pelsen er ikkje heilt vokst ut att, etter å ha blitt "skinna" i vår, men den er alt blitt lang og fin. Fluffy er frisk, trygg og trivst saman med fórverten sin katt. No treng han ein permanent heim.Han kastrert, vaksinert og ID-merka. Er du intr i denne staskaren, er han å treffe i Førdeområdet og du må ta kontakt med Unn på tlf 41244002 eller helst på mail;
unn.vatso@enivest.net

Berly
Lagt til: Monday 23. August 2010 - 19:32
  Super kattunge til barnefamilie! Ufatteleg godt lynne, og tolmodig som få. Er også langbeint og grasiøs, nesten som ein panter. Pelsen er mjuk og skinnande blank. Berly er født 10 april. Reinsleg og ormebehandla. Søkjer landleg heim. Berly er hjå fòrvert i Naustdal. Kontakt Unn 41244002 / unn.vatso@enivest.net/ Kristin/Renate tlf 41243997

Solan
Lagt til: Monday 23. August 2010 - 19:11
  Solan er født i slutten av mai. Han er ein frisk, robust og trygg kattunge som er vaksen opp med ungar. Han brukar dokassa flott og er leiken og i farta slik ein kattunge skal vere.
Solan er hos forvert i Førdeområdet. Han er vaksinert. Ta kontakt med Unn på tlf 41244002/ Kristin/Renate tlf 41243997

Lilly
Lagt til: Tuesday 17. August 2010 - 17:23
 Kattunge funne under ein bil, avmagra, full av flått og olje i pelsen. Etter ein mnd er no Lilly blitt omlag 10 veker gamal og har i den tid fått trygghet og pleie i fosterheim hos fosterkattemor. No treng den vesle pusejenta ein ny heim. Ring Kristin/Renate tlf 41243997/ Unn tlf 412 44 002

Ferdinand
Lagt til: Tuesday 10. August 2010 - 11:35
  Ferdinand gjekk ute forrige vinter og fraus mykje. No er han teken godt hand om noko han tydeleg er glad for.
Han er ein stor koseklump, ca: 1 1/2 år, men litt sjenert før han vert kjent med deg. No leitar han etter ein ny trygg heim der han blir verdsatt og får ei varm omsorg som fortjent. Ferdinad er kastrert, chippa, vaksinert og ormebehandla. For meir inf. ring. Unn 41244002 / unn.vatso@enivest.net / Kristin/Renate tlf 41243997

Hero
Lagt til: Tuesday 10. August 2010 - 11:08
   Hero vart funne på ei øde strekning, truleg feriedumpa. Ca 1 år gamal. Han er ein veldig snill katt, litt forsiktig, men når han leikar er han tøffare enn toget. Hero vil helst drikke vaten frå springen.
Han er ein veldig vakker katt med rød/krem-farga pels. Hero er kastrert, vaksinert og ormebehandla. Kontakt Kristin/Renate tlf 41243997 eller Unn tlf. 41244002 / unn.vatso@enivest.net

Suzie
Lagt til: Tuesday 10. August 2010 - 10:54
  Suzie er ein topp familiekatt. Trygg og sosial. Ho er ca 1,5 år, kastrert, reinsleg, og veldig leiken. Ho har fostra opp 5 kattungar i sommar, og ingen av dei var hennar ungar for dei var døde ved fødselen. Ho er klok og veldig tålmodig, og van med andre katter.
Vil du gi Suzi ein god heim så ta kontakt med Unn på tlf 41244002 eller Kristin/Renate tlf 41243997

Frida og Freddy
Lagt til: Thursday 15. July 2010 - 10:46

Emmi
Lagt til: Sunday 13. June 2010 - 22:39
  Emmi er ei lita kattedame som etter beste evne har måtta klare seg sjølv.
Ho har nok gått ute i vår, men ho er ein tamkatt, som er litt forsiktig innom hus. Emmi er kastrert og klar for ein ny heim, der ho kan få vere masse ute, ho vil gjerne gå ut på do. Emmi takler andre katter og er ein enkel og sosial katt når ho får verte kjend i sin nye heim. Emmi er hos forvert Anne Grete i Førde. Ring tlf Anne Grete 901 27 937

Grom
Lagt til: Sunday 13. June 2010 - 22:27
  Vakker sølvgrå langhåra gutepus som er født 20 mai. Han har eit majestetisk lite løve ansikt. Grom er roleg og avbalansert, og veldig kjelen. Er ikkje så glad i fosterfamilien sin hund men likar andre kattar. Grom søkjer ny landleg heim. Er reinsleg og ormebehandla. Interesserte kan ta kontakt med Kristin tlf 902 38 468 / Unn 41244002

Bonnie
Lagt til: Sunday 13. June 2010 - 21:24
  Bonnie er ein spesiell kjekk katt, som har vakse opp på gard med storfe og har budd i fjøsen. Ho takler alle slags dyr, og er veldig trygg og robust. Ho vil gjerne komme inn i varmen og verte kosa med, spesielt når veret er slik at alle trivest best inne.
Ho takler bilkøyring og lagar lite styr. Vi anslår Bonne til 3-4 år.
Bonnie har hatt fleire kull med ungar, som har vist seg å verte utrulig gode katter. No er ho sterilisert og snart klar for ein ny heim. Bonnie er i Førdeområdet og er du int så ta kontakt med Unn på tlf 41244002 eller Kristin/Renate tlf 41243997

Flaks
Lagt til: Friday 29. January 2010 - 21:24
  Dette er ein katt som klarer det meste, og han er ein heilt spesiell kar. Stor, kraftig og veldig tung uten å vere tjukk.
Han vart tatt hand om på Flatraket skule der han kosa seg saman med ungane. Han vart tatt hand om og kom i hus og vart kastrert og stelt, og sidan har han vore inne. Ein skikkeleg kosekatt som likar liv og røre rundt seg. Han er kontaktsøkande, kjælen og trygg, hund er han van med og ellers så er han ikkje lett å vippe ut av likevekt.
Vi ønskjer ein storfamilie for denne karen, og helst på landleg trygg plass. Varme, mat og masse omsorg treng han etter alt han har vore gjennom.
Flaks er hos forvert i Førde. Vil du vite meir om han så ring Kristin/Renate tlf 41243997 el Unn 41 24 40 02

Bactus
Lagt til: Tuesday 12. January 2010 - 00:13
  Bactus vart fødd ute av ei tam fråflytta kattemor, ca 1 juli 09. Han vart fødd ute og teken hand om av ein ung gut frå han var heilt liten. Han har nydeleg silkemjuk pels, er reinsleg og svært leiken. Han er litt forsiktig av seg, men han er også veldig nysgjerrig så med litt tålmod torer han det meste. Han er svært kjælen og er ein veldig morsom katt å ha i hus. Han er van med både katt og hund, og er super med store barn. I vinter då det var snø og kaldt nekta han å gå ut, men no er han ute nesten heile dagen. Så han bør bu landleg.Bactus er kastrert,vaksinert og id merka. Ring Kristin tlf 902 38 468 eller Bjørg tlf 413 56 276

|
|