Hovudsida Omplassering Vil du hjelpe? Kontakt Oss Historier Ymse

Våre historier

Nasser
Oppdatert 14. juni 2011
er ein sky eigarlaus katt som har vore ute på øyrane i Førde i mange år. Der er han blitt mata dagleg, sommar som vinter. Der er mange plasser å søke ly, men ingen som er gode nok til ein katt på vinterstid. Nasser er sky og eg har aldri komt nærmare enn 2 meter, men der sit han og prater med meg når eg snakker med han. han er i godt hold og kvit og fin, har aldri sett at han har vore sjuk. Han kjenner bilen min og kjem då springande.

Siste vinter forsvann Nasser og sjølv om eg fortsette å sette ut mat, så var der ingen kattespor i snøen, men skjor og kråke åt seg mette. Ein morgon i februar då skulle på jobb og runda garasja, fekk både Nasser og eg eit sjokk. Utan for garsja mi sat Nasser og han skvatt då eg sa navnet hans. Han sprang nokre meter men måtte stoppe og snakke litt. Han var heilt tydeleg glad for at eg dukka opp der og. Henta god mat til han og han kom og åt berre eg gjekk litt vekk.

Korleis han hadde funne fram til meg får vi aldri greie på, tilfeldig eller han har høyrt stemma mi eller bilen min. Det hender ikkje så reint sjeldan at eg er på leiting etter ein katt og då går eg no rundt og roper I luftlinje er det ikkje meir enn ein liten kilometer frå huset mitt og der Nasser har holdt til, men han må gå over eller under ein sterkt trafikkert veg.

Så no har Nasser flytta frå industriområdet på Øyrane og opp i Korsavegen. Vi ser han ikkje kvar dag, men han får mat kvar kveld i nærheten av garasja mi og eg har sett han til og med utanfor inngangsdøra mi. Eg hHar to varmehus som han kan søke ly i til vinteren og der står det mat og, noko betre kan eg ikkje klare og tilby han, sky som han er.

Mine katter kjennar han etterkvart og eg håper på at etter som tida går vil han vere oftare og sjå. Vakre Oda bur og ute, og ho er ei kontaktsøkande og fredeleg kattedame som vil ta godt imot han. Kanskje han då kan verte tryggare på meg. Oda er og ein sky katt, men ho får eg ta på fanget når ho bestemmer seg for det. Ho tisser inne, men vil gjerne få ha friheten til å komme og gå som ho vil.


Oppdateringer om Nasser:

Nasser positur14.06.2011: Her kan de sjå Nasser i kjend positur der han spring meg til møtes. I fine dagar ligg han i timesvis og venter og lyttar  etter bilen min. Og han kjenner lyden på fleire hundre meters avstand.

Nasser har fått seg ny heim. Han vart invitert inn i varmen hos Linda og Hallgeir på Vie i Førde. No er han gardskatt med eiga brakke med varmeomn og eigen stol. Mat, drikke og do står til hans bruk, og han trivest. Rund og god. Og der er det ingen katter som jagar han, knapt eit klor har han fått på desse seks månadene.

I byrjinga var han redd det meste, og hestane i stallen våga han knapt å sjå på. Men no går han overalt og han gjer jobben sin som musefangar godt. Etter kvart følgjer han meg overalt dersom vi har området for oss sjølve, og står hesten roleg så kan han rusle forbi medan han maler så det durar. Framleis er det berre eg som får ta på ha,n men dette er i ferd med å forandre seg. Linda kan absolutt gå an å stryke seg inntil og Hallgeir er det kjekt å følgje med på kva han styrer på med. Og i andre enden av brakka bur hønene, dei godtek kvarandre fullt ut. Nasser har gått i dei fleste fjøsane i området og helst på, men han kjem tilbake nesten kvar kveld for å sjå om eg kjem. Han har fått seg halsband, så alle i området kjenner til han og veit historia hans. Han har fått seg nokre dråper med Frontline i nakken, slik at flåtten held seg unna.

I vinter fann han ut at den skye hokatten som og bur på garden var ei vennleg sjel, så dei deler ofte kassa med saueskinnet i. Den andre hannkatten som tek seg ein tur innom får også ete av maten hans. Så som de forstår har det ordna seg fint til for Nasser.
Dersom nokon har lyst til å vere med å dele på utgiftene til mat og litt godbitar innimellom vert vi glade for det. Nasser vart ti år 1. april, men han viser ingen teikn på å vere ein litt eldre herremann.

Her måtte eg sette ut matskåla, for Nasser får ikkje nok kontakt, han vil ha nærkontakt heile tida. Dette er plassen der Nasser no bur, saman med alle hestane, hønene og dei to andre kattane som også vert fora av Linda og Hallgeir. Avlshingsten Lunnar-Gråen ser vi og Førde sentrum i bakgrunnen. Den nitten år gamle hesten vår bur på garden også, derfor er eg innom der kvar einaste ettermiddag, og Nasser venter som oftast. Det er godt å tenke på at han skal få oppleve sommaren på ein så fin plass.

Her er Nasser på veg ut katteluka som han bruker som dør. Katter trivest svært godt når dei kan få komme og gå heilt fritt. Varmen held seg i brakke og han kan sitje på innsida og sjå på det som skjer ute. Her ser de den spesielle skaden Nasser har på nasa. Den plagar han ikkje, og i alle fall ikkje no når han kan vere inne i varmen, om vinteren, for denne nasa kan lett forfrysast

Dersom nokon har lyst til å vere med å betale for skikkeleg for og litt godbitar til Nasser så tek vi gjerne mot det. Så langt har han fått for av merket Hills, som er det beste vi kan oppdrive. Fisk og litt våtfor seier han ikkje nei takk til.

Helsing i denne omgang
Nasser og Unn

10.04.2010: Utover den kalde januarvinteren vart Nasser meir og meir trygg på oss, og eg kunne no med litt lett makt bere han inn i huset om kveldane. Han var redd i starten, men så lenge hunden vår Borris var i nærheten roa han seg. Borris er ein collie som vi har berre hatt i nokre få månader, og han godtek alle katter.

Den forrige hunden vi hadde var ofte med ut på Øyrane når eg mata Nasser, vi sykla når veret var greitt, så Nasser har sett den hunden ofte, og ho var nesten lik Borris. Nasser mol og kosa seg i varmen, men han synest det var greitt å få ut att når natta kom. Ein kveld det var spesielt kaldt så gjekk vi å la oss med Nasser i stova. Mat og kattedo var her og husets fem katter våga ikkje å nærme seg han.
Neste morgon låg han i gangen og venta på oss, og fulgte med på aktiviteten i huset. Eg gjekk på jobb og Borris var i huset med alle kattane. Om ettermiddagen så står Borris i trappa og tek i mot når vi kjem frå arbeid, og denne dagen stod Nasser fint oppstilt ved sida og tok imot.

Nasser har vore i hus før, det ser ein på måten han oppfører seg. Han ligg i ro på golvet og studerer alt det nye. Så han har nok vore i hus før han vart dumpa på øyrane for snart 9 år sidan. Etter ein dag i hus viste eg han katteluka og holdt den opp for han. Han gjekk roleg ut og etter 10 min hadde han sjølv gått innatt. Dermed han vi fått ein katt til, uten at det var planlagt, litt i meste laget med seks stykker. Sidan har Nasser nesten ikkje vore ute for døra. Dersom veret er fint og døra ut på altanen er oppe og vi og Borris er på altanen så kjem han og sett seg ved sida av Borris, men det er best inne.

Her i huset er det fem hannkatter frå tre til tretten år. Alle desse er stort sett gode venner og sover, eter og leikar ilag. Med Nasser vart denne fine harmonien brutt. Nasser veit ikkje heilt korleis han skal gjere det med desse andre som går her å tusler. Basse, den vesle bajasen er den som seier nei til Nasser. Han er litt feig av seg og fyk på Nasser bakfrå, og Nasser er ikkje ein katt som likar å slåss.
Og her i huset er vi ikkje vane med katter som slåss. Nasser leser kropspråket til dei andre kattane dårleg og dei andre trur han er aggresiv, men han er nok redd.

Så det beste hadde nok vore om Nasser fekk seg ein heim der han fekk vere åleine katt, gjerne med ein vennleg hund. Nasser passer ikkje med barn og mange frammande folk. Han treng kanskje ei dame som er av den tolmodige sorten og som har forstand på katt, og kan lese språket hans. Han har fortsatt ein del att før han er heilt trygg og kan slappe heilt av. Dersom han vert litt usikker så pleier han å sette tennene forsiktig i handa, eller lange ut ein labb etter buksebeinet i det du går forbi, men han har aldri klora. Når eg snakker til han så roer han seg, for han viser det tydelig når han er usikker.

Nasser vert ni år no i april og han vart dumpa i september same året, då dukka han og søstera hans opp på matingplassene ved gamle Felleskjøpet på Øyrane i Førde. Eg fekk då ta på dei, særleg søstra var int i kontakt. Heime hos meg var det fullt og eg måtte vente på ledig plass og i mellomtida forsvann hokatten og Nasser vart gåande att åleine og etter det fekk eg ikkje komme nær han. Sidan er han blitt mata nesten dagleg i alle desse åra og no har han fått varme og mat og omsorg så no avslutter eg historia om Nasser.
Men er det nokon der ute som kan tenkje seg å hjelpe meg med denne katten tek eg gjerne imot hjelp.

24.12.2009: Nasser likar seg ikkje lenger ute. Det er heilt tydelig at han har fått nok av kulden. Om kveldane ligg han no inne i kattehuset mitt, han snakker noko veldig, og han skriker.

Lørdag 19. desember sette eg opp eit tre med masse lys i ved ytterdøra vår, og slo av utelampen, litt julestemning ute og.
Det var tydelig at Nasser liktedette. Han sat under treet og løfta på beina, og eg lukka opp ytterdøra og sette meg langt inne på golvet. Det tok ikkje lang tid før han kom forsiktig stigande og sette seg i yttergangen, varmekablane stod på så kanskje det var aller første gang han opplevde varme under beina. Han slutta å skrike og låg heilt i ro medan huset sine katter var stad å viste seg fram rundt meg.
Nærma eg meg gjekk han ut for døra att, men som de ser på bilda så var det ikkje langt. Heilt tydelig at han ønskte å vere inne, men motet svikta. Eg strakte ut handa og jammen kom han med labben og klaska til fingrane, uten at kloa var ute. Eg la eit handkle ute slik at han ikkje ligg kaldt.

Neste gong eg kom med handa synest han nok eg var frekk og innpåsliten, då var kloa ute, og han ga klar beskjed kven som hadde styringa. Så i kveld kjem ytterdøra mi til å stå på gløtt, og han kan ligge inne i gangen og der står korg å ligge i og mat.
Kanskje Nasser kjem inn i huset mitt til jul, når han først har bestemt seg og han får styre farten så kan det godt hende han flytter inn, og velkommen skal han vere.

Det er lenge sidan nokon har gitt meg ei slik lykkekjensle, dette har vore målet, men aldri trudd eg skulle få oppleve at han kjem inn frivillig.

Nasser26.10.2009: Nasser kjem no fleire gonger for dagen og det er ikkje berre mat han vil ha. Han eter seg no opp til å møte vinteren, han har fått makkakur og han ser frisk og fin ut. Han mjauer og mjauer og det er tydelig at han vil ha kontakt. No er det fleire enn Nasser som får mat på trappa mi, og han er litt redd dei fleste, har ikkje funne seg ein aliansepartner endå. Vondt å tenke på at han skal fryse i vinter, men han går heile Øyrane over, og han vil nok ikje ha hus i nærheten her. Han kjenner bilen min og han mjauer veldig når han høyrer den, då kjem han med ein gong.

Dersom han vil har han tilgang til varme, men han vågar nok ikkje det endå. Her kan ein sjå den spesielle skaden han har på nasa, derfor navnet. Dersom nokon vil dele på forutgiftene til Nasser vert eg glad for det, han får veterinærfor og tunfisk og våtfor om vinteren. Når han eter ca ein gong om dagen er det viktig at det han får er av god kvalitet.